Norwegian Unix User Group Referat styremøte 2007-06-04, 18:00 - 19:00, UiO/USIT Styremedlemmer: Petter Reinholdtsen, Håvard Fosseng, Ole Kristian Lien (skype), Jon Petter Bjerke (skype) Varamedlemmer: Gaute Nessan Fråver: Runar Ingebrigtsen, Peter N. M. Hansteen SAKLISTE: 2007-43: Godkjenning av referat 2007-07-05 Referatet vart sendt til styret 2007-05-08, og er etter styreinstruksen automatisk godkjent. 2007-44: Opptak og endring av medlemmer Styret godkjende dei nye medlemmene og tok utmeldingane til etteretning. ORIENTERINGAR 2007-45: Mottatt post, postliste Postlista er ikkje ført, og vart såleis heller ikkje lagt fram. Post vert no skanna og PDFane lagt inn i RT-saker. Håvard ser på å bruke RT som støtte for å lage postliste. 2007-46: E-postlista medlemmer@nuug.no har no berre registrerte medlemmer som abonnentar. E-post som berre skal til medlemmer kan no sendast ut til denne lista. Nokre detaljar står framleis att før vi kan synce lista automatisk mot medlemsregisteret. 2007-47: Kontakt med FAD (Fornyings- og administrasjonsdepartementet) sitt standardiseringsråd og skriving av høyringsfråsegn om val av standardar for offentleg sektor Vi har fått betre kontakt med FAD, og leiaren arbeider med kontakter i SUN og HP for å få desse til å kome med innspel. Arbeidet med å skrive høyringsfråsegn om den offentleg standardkatalogen vert koordinert på http://wiki.nuug.no/uttalelser/200708-standardkatalog OPPFØLGING AV TIDLIGERE SAKER 2007-48: Framtidige sekretariat- og regnskapstjenester Avtale med Lodo om rekneskapsføring vil truleg vere på plass ganske snart. Arbeidet med memberdb går framover, men ikkje så fort. Det er uvisst om vi får ein sekretariatavtale med Kapp. Vi kan vurdere på bakgrunn av erfaringane med rekneskapsføringa om det er lurt å kjøpe desse tenestene frå Lodo. 2007-49: Partnarskap med JavaBin om JavaZone? Standard partnaravtale kostar 60 000, og vi kan ikkje sjå at PR-effekten vi kan oppnå ville vere verdt eit slikt beløp. NUUG vert ikkje partnar i konferansen JavaZone. EVENTUELT 2007-50: Prisen for fri programvare Arbeidet er nokonlunde i rute, og vi har allereie motteke to nominasjonar. 2007-51: Grillfest På aktive-møtet i morgon tek vi opp arbeidet med å få laga ein grillfest til delvis erstatting av sommarfesten som ikkje vert arrangert. ------------------------- ------------------------ ----------------------- Petter Reinholdtsen Peter N. M. Hansteen Jon Petter Bjerke ------------------- --------------------- Håvard Fosseng Ole Kristian Lien