Høyringsfråsegn til Moderniseringsdepartementet: «Bruk av åpne
standarder og åpen kildekode i offentlig sektor»
Frå Norwegian UNIX User Group (NUUG)
Norsk UNIX user group (NUUG) er ei ikkje-komersiell foreining for
UNIX-brukarar i Noreg.
NUUG set pris på at Moderniseringsdepartementet har teke initiativ til
utforming av retningsliner/politikk på dette feltet og ser at gruppa har
gjort eit grundig arbeid.
Nokre av punkta framstår likevel som uklåre for oss, og vi vil
kommentere desse:
AD 3.2 «Gevinster ved teknisk interoperabilitet»
Når data i større grad skal utvekslast mellom ulike offentlege instansar
(«relevante data er tilgjengelige for alle relevante aktører»), må det
seiast eksplisitt korleis ein skal gjere avvegingar i høve til
personvern. Her er det ikkje akseptabelt at omsynet til effektivitet
alltid skal vege tyngst.
AD 3.4. «Hva menes med åpne standarder»
Vi saknar ein definisjon av omgrepet «standard». Ein slik definisjon er
naudsynt når ein skal utarbeide ei liste over tilrådde standardar for
bruk i offentleg sektor.
AD 3.5. «Anbefalte standarder = Forvaltningsstandarder»
At unntak må grunngjevast, framstår som eit altfor svakt krav til å
fråvike kravet om å bruke opne standardar. Det må formulerast klåre krav
til korleis unntak skal grunngjevast, og kven som skal vurdere om det er
tilstrekkeleg grunn.
Når bruk av opne standardar skal gjerast obligatorisk, må ein òg sjå på
statusen til standardar som allereie er i bruk. Nokre av Standard Norge
sine standardar er ikkje opne, m.a. for rekneskapsføring (NS 4102).
http://developer.skolelinux.no/brev/2004-01-10-ufri_norsk_standard.pdf
AD 3.7 «Oppgaver knyttet til arbeidet med forvaltningsstandarder»
Det finst inga klår avgrensing av kva standardar som bør vere av
interesse for offentleg forvalting, ein er evhengige av alle standardar
som vedrører utvikling av programvare for offentleg sektor.
NUUG prøver å fremje norsk deltaking i internasjonalt
standardiseringsarbeid, særleg om POSIX, Linux, C og C++, men og andre
saker. Vi har enno ikkje kunna delta i dette arbeidet via Standard Norge
på fullgodt vis, då det har mangla folk, og særleg pengar. Små beløp kan
vere til stor hjelp her.
AD 3.9 «Organisering av arbeidet med forvaltningsstandarder»
Det må vere mogleg for alle interesserte å delta i/kome med innspel til
arbeidet med forvaltningsstandardar. Desse standardane vedgår alle
borgarar, ikkje berre forvaltinga sjølv.
AD 3.11 «Konsekvenser for sikkerhet»
Dokumentet slår fast at bruk av opne standardar *ikkje* er ein
tryggleiksrisiko, og at omsyna til tryggleik såleis ikkje er ein grunn
til å late vere å nytte opne standardar. Vår vurdering er at bruk av
opne standardar er ein *føresetnad* for tryggleik.
AD 6.1 «Programvare med åpen kildekode»
Mangfaldet av lisensar er mindre for open kjeldekode enn for lukka
kjeldekode. (Der kvart program/system -- eller i beste fall kvar
leverandør -- har sine eigne lisensar.) Nokre få godt kjende lisensar
dekkar det meste av open kjeldekode. (GLP (Gnu Public License), BSD
(Berkeley Software Distribution), MIT (Massachusetts Institute of
Technology), MPL (Mozilla Public Licence)) Dette tilseier at offentleg
sektor bør foretrekke open kjeldekode.
AD 6.5. «Gir åpen kildekode lavere kostnader»
Arbeidsgruppa framhevar at omsynet til interoperabilitet kan tale mot
bruk av open kjeldekode. Dette vil, så vidt vi kan sjå, i praksis berre
skje der systema ein treng å samhandle med, nyttar proprietære løysingar
i staden for opne standardar. (I strid med tilrådinga frå arbeidsgruppa
under 3.5, om at bruk av opne standardar bør gjerast obligatorisk.)
Vi er samde med arbeidsgruppa i at kompromiss kan vere nødvendige. Men
det må gjerast tydeleg at ved vidareutvikling eller utskifting av
systema skal slike kompromiss bli mindre nødvendige, eller helst
eliminerast.
Oppsummering
NUUG ser positivt på arbeidet som er gjort. Bruk av opne standardar og
open kjeldekode i offentleg sektor er viktig. Vi ynskjer ei restriktiv
haldning til bruk av proprietære standardar og programvare i offentleg
sektor.
Viktige merknader:
- Eventuelle problem med lisensvilår tilseier at ein foretrekk open kjeldekode.
- Krav til interoperabilitet bør ikkje vere eit argument mot open kjeldekode.
- Det trengst ein definisjon av «standard».
Til spørsmåla i høyringsbrevet:
- Tilrådingane i rapporten gjev etter vår vurdering eit svar på dei utfordringane offentleg sektor har.
- Vi har ikkje innvendingar til framlegget for organisering av standardiseringsarbeidet.
- Vi har ikkje kommentarar til prioriteringa av tiltaka.
- Tempoet i endringane det vert gjort framlegg om, verkar rimeleg.