Norwegian Unix User Group Referat styremøte 2009-01-21, 17:00-18:30, Gaustadalléen 23, Oslo Styremedlemmer: Petter Reinholdtsen, Jon Petter Bjerke (skype), Håvard Fosseng, Peter N.M. Hansteen, Ole Kristian Lien (skype) Varamedlemmer: Gaute Nessan, Runar Ingebrigtsen (skype) 2009-01 Godkjenning av referat Utkastet til referat frå styremøtet 2008-12-08 vart sendt ut 2008-12-09 og er å rekne som automatisk godkjent. 2009-02 Opptak og endringar av medlemmer Styret godkjenner dei nye medlemmene og tek utmeldingane til etterretning. Dei som korkje har betalt for 2008 eller for 2009 er rydda ut av medlemsregisteret. 2009-03 Økonomistatus Kontingentinntektene for 2008 vart 393.112,50 og til no for 2009 377.297,50. Berre betalte fakturaer er her rekna med, og kreditnotaer er trekte frå. I 2008 brukte vi 100000 kroner mindre enn budsjettert. 2009-04 Pengar til replikatorprosjektet NUUG set av 10 000,- til prosjktet for bygging av sjølv-reproduserende 3D-skrivar. 2009-05 Budsjett for 2009 og 2010 Inntektene i 2008 vart omtrent like store som i 2007. Satsen for rabatt og tap er auka frå 3% til 7% basert på rekneskapstala for 2008. NUUG har brukt 100 000 kroner mindre enn budsjettert i 2008. Budsjett 2009 og 2010: Årsmøtet er fjerna som eigen budsjettpost, sekretariat er redusert med behalden for å ha rom for å setje ut (delar av) arbeidet, porto mykje redusert, ekstraordinær auke i posten for video. Vi gjer ikkje framlegg om endringar i kontingentsatsane for 2010. Jon Petter oppdaterer og legg ut nytt budsjett/rekneskap. 2009-06 Ny spørreundersøkelse blant medlemmene og andre? (Petter) [5 min] Vi gjennomfører spørjeundersøking mellom medlemmer og andre interesserte i år att. Spørsmål om alder og yrkeserfaring skal inn for å kunne halde dette saman med lønn. Ambisjonsnivået for bearbeiding av data vert redusert. Vi tek sikte på å gjere undersøkinga i februar. Håvard står for det praktiske. Eventuelt Vi sender ut FriProg-magasinet dersom vi får nokon til å sponse porto (truleg mot å ha ei eller anna form for reklame i same sendinga). Ole Kristian høyrer med Linpro. Sekretariatstelefon: Umoe Communications skal etast opp av Umoe Consulting -- uvisst korleis dette påvirkar telefonløysinga vår. Petter har gitt opp å få sin IP-telefon til å fungere. Peter tek kontakt med Network Norway for å høyre kva slags løysing dei kan gje oss. (Vi treng ei telefonsvararløysing som kan sende e-post om innlesne meldingar for å få dei inn i RT.) Peter sender e-post til styret om 14 dagar med rapport. Sekretariat: Peter høyrer om kva som er mogleg. Medlemsregisteret kan overlatast til Morten. Håvard snakkar med Morten om infopakkar. Styremøte 17. februar i staden for 16. ------------------------- ------------------------ ----------------------- Petter Reinholdtsen Peter N. M. Hansteen Jon Petter Bjerke ------------------- --------------------- Håvard Fosseng Ole Kristian Lien