Norwegian Unix User Group Referat styremøte, 2007-03-22, 17:00 - 18:00 Styremedlemmer: Petter Reinholdtsen, Håvard Fosseng, Ole Kristian Lien Jon Petter Bjerke (skype), Peter N. M. Hansteen (skype) Varamedlemmer: Gaute Nessan, Runar Ingebrigtsen (skype) SAKLISTE: 2007-23 Konstituering av nytt styre Leiar: Petter Reinholdtsen (valt av årsmøtet) Nestleiar: Peter N. M. Hansteen Kasserar: Jon Petter Bjerke Sekretær: Håvard Fosseng Kontaktperson for likesinna foreiningar: Ole Kristian Lien Kontaktperson mot HiO: Gaute Nessan 2007-24 Fastsetjing av datoar for styremøta i vår 7. mai 18:00 4. juni 18:00 13. august 18:00 2007-25 Godkjenning av referat Referat frå styremøtet 2007-02-14 godkjent med korreksjonar som har kome per e-post. 2007-26 Opptak og endringer av medlemmer Styret godkjende dei nye medlemmene og tok utmeldingane til etteretning. ORIENTERINGAR: 2007-27 Motteken post, postliste Styret tok til etterretning at det ikkje har kome nokon post. Petter Reinholdtsen undersøker om post kjem fram. 2007-28 Økonomistatus Det har kome ei stor rekning frå DnD-sekretariatet på tampen. Kan framleis kome «slengarar». Økonomistatus ser grei ut. OPPFØLGING AV TIDLIGERE SAKER 2007-21 Framtidige sekrariat- og rekneskapstenester Petter, Jon Peter og Runar tek eit Skype-møte med Lodo i morgon (2007-03-23) mellom 10 og 12 for å avklare spørsmål kring rekneskaps-tilbodet deira. Gaute har jobba med memberdb, litt uvisst når det vert operativt. Manglar at sekretariatet kan legge inn og redigere firma og medlemmer. Håvard handterer kjøp av hyller til arkivet og set opp inventarliste. Petter og Håvard har nøkkel til arkivet. Avtale med VOOP om IP-telefoni er førebels litt i det blå. Runar testar. Skal vi ha eit «lokketilbod» for medlemmer av IP-telefoni-gruppa for å sikre oss ei operativ gruppe? Rekneskapsbilag for 2006/2007 må skannast. Vi skaffar ei fakturaliste frå DnD-sekretariatet i parallell for å sikre mot svikt i skanninga. sendregning.no har arkiv av dei fakturaene som er sende gjennom dei. Petter Reinholdtsen skriptar USENIX-eksport av medlemslista. VEDTAKSSAKER 2007-29 Prisutdeling for 2007 - søknad og jury Erfaringsrapporten må oversendast til NUUG Foundation. Håvard er koordinator for prisutdelinga i år. Vi treng innspel på utdelar. EVENTUELT 2007-30 The Gathering Ole Kristian dreg til The Gathering. Å få stand er vanskeleg p.g.a. krav om sponsoravtale, men fordrag går greit. Bør snakke mest om fri programvare og litt om NUUG som organisasjon. Vi snakkar med EFN for om mogleg å kunne stille på deira stand. 2007-31 Maskin(er) for IP-telefoni Petter prøver å få sett opp ein maskin til bruk for IP-telefoni. Ole Kristian snakkar med Opera om evt. tilgong på gamle tenarmaskiner. _____________________________ ____________________________ Petter Reinholdtsen Gaute Nessan _____________________________ ____________________________ Håvard Fosseng Ole Kristian Lien